I et speil i en gåte (24.10)

Etter ei tenårings-bok av Jostein Gaarder. Handlar om Cecilie som er veldig sjuk og som ligg på rommet sitt medan familien forberedar til jul nede i stova. Ein kveld dukkar ein engel (Aksel Hennie) opp og det får Cecilie til å tenke litt filosofisk. Boka er som ein light-versjon av Sofies Verden, berre med fokus på livet og døden, og ho er etter mi meining ei veldig god bok. Etter det eg har lest om filmen til no, virkar ikkje den like lovande. Her har dei nemlig blanda inn ei kjærleikshistorie (sannsynlegvis like øydeleggjande som den nyaste Hitchhiker-filmen). Men filmen skal sjåast uansett! Og eg gler meg faktisk litt (, men ikkje til Aksel Hennie som Gabriel).
Kurt blir grusom (30.10)

Alle kjenner vel til barnebokhelten Kurt, han som kjører truck og har bart. (Erlend Loe, ja.) Kurt er altså trucksjåfør, ein ganske flink ein. Ein dag reddar Kurt ein mann frå å drukne, som belønning får han ein diamant verd 50 millionar. Og som rik, vert Kurt grusom.
Traileren ser lovande ut, ein humorfilm for "barn i alle aldre" verkar det som. Atle Antonsen er stemma til Kurt (jeej) og Aksel Hennie er Bud (hm...)
Max Manus (19.12)

Det vart VELDIG mykje Aksel Hennie her, han er nok stor i film-Noreg for tida. Eigentleg er eg temmeleg lei av historier frå andre verdskrig og slike ting, men eg har uansett lyst til å sjå denne. Er jo ein norsk storfilm.
Appelsinpiken (27.02)

Denne er også etter ei tenåringsbok av Jostein Gaarder. Her er det også lagt til ein heil del som ikkje er i boka. Og her er også boka såpass god at eg uansett skal sjå filmen.
Harry Potter og Halvblodsprinsen (17.07)

Eg håpar
ikkje denne flimen vert sju timar lang, eller kva det no er. Eg har heller ingen store forhåpningar til at den skal følge bøkene meir enn dei føregåande filmane. Men dette er uansett ein film eg droppar eit par timar i solskinn for. Dumt at den ikkje får premiere no snart.
Men Rowling heldt jo på med så mykje anna for tida.
Her vart det kun filmar basert på bøker, ja. Merkeleg. Eg kan forresten også tenkje meg å sjå
Maria Larssons evige øyeblikk,
Menn som hater kvinner,
Engler og Demoner,
The Secret Life of Bees og heilt sikkert ein haug med filmar på
BIFF. (Helge vil forresten sjå den nye Bond-filmen).
Alexis Bledel har bursdag i dag, hurra! Og etter at Tekst og Kultur-forelesaren spelte av ein song i dag, har eg hatt dilla på Tori Amos.