- Dei sender med gratis frakt. Altså du betaler berre det vara kostar ikkje noko servicegebyr, pakkegebyr eller frakt. Dette gjeldt ikkje parfyme, men frakta på det er ikkje så dyrt altså.
- Om du må betale toll på vara gjer dei deg attende pengane du la ut for toll. Ja faktisk! Om du kjøper noko som er over tollgrenasa (200
kr) kan du berre sende dei kvitteringa for at du har betalt toll (scann inn eller ta bilete) og du får pengane attende. Eg har enno ikkje forsøkt dette, men eg reknar med at det går flott. - Om du kjøper noko der som skal vere gåve til nokon, treng du berre hake av ein knapp og sei kva som skal vere teksten på kortet og så pakkar dei inn det du kjøpte og legg ved eit fint kort med tekst påtrykt. (Dårleg bilete på sida her)
Eg vil anbefale strawberrynet altså.
Det skjer mykje på skulen for tida. Oppgåver, prøver, timar... Det er jo ikkje så lenge igjen no. Var på utdanningsmesse i Arenum i går og fann litt ut av ting. Slik det er no tenker eg mest på å byrje på ein bachelor til hausten, kanskje i litteraturstudiar. Eg har i alle fall funne ut at eg ikkje skal gå på Norges Kreative Fagskole eller Høgskulen i Finmark (sjølv om dei gav meg ein fin stoffpose til å ha alle dei tunge brosjyrane i).
Dagens album: The Darjeeling Limited OST.


